Ønsker du å gi en
til arbeidet på bedehuset?
Bedehuset vårt er bygd på tru, fellesskap og ein enorm dugnadsinnsats heilt sidan 1945. Generasjon etter generasjon har gitt av både tid, krefter og pengar – slik at huset kan vera ein samlingsstad for barn, unge og vaksne i bygda vår.
No står me framfor nye løft. Storsalen skal rustast opp, det skal investerast i nødvendig teknisk utstyr, og me ønskjer å leggja til rette for liv, aktivitet og vekst i mange år framover.
For å få dette til, treng me deg med på laget.
Vil du vera med og sikra framtida til bedehuset?
Du kan bidra med ei enkeltgåve – eller bli fast givar og vera med å byggja vidare for kommande generasjonar.
Under kan du velge å gi ein gåve til Bømlo bedehus som bygningsmasse eller du kan velge å gi ein gåve til Bømlo indremisjon eller Misjonssambandet
Visste du at gåver til bedehuset kan gi skattefradrag?
Som givar kan du få frådrag på skatten for gåver til godkjende organisasjonar. Per i dag kan du få skattefradrag for gåver frå kr. 500,- opptil kr. 25.000 årleg. Det betyr at ein del av det du gir, kjem tilbake i form av redusert skatt – samtidig som du støttar eit viktig arbeid på bedehuset vårt.
For at gåva skal gi rett til skattefradrag, må ho registrerast med namn og fødselsnummer. Dette er eit krav frå myndigheitene for at gåva skal bli rapportert korrekt til skattemyndigheitene.
Me ønskjer å understreka at personnummeret kun blir brukt til dette føremålet, og vert handsama konfidensielt. Det blir ikkje nytta til andre formål.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer å bli fast givar eller vil ha meir informasjon om korleis du kan nytta deg av skattefradraget.
Di støtte er med og gjer ein forskjell – både i dag og for framtida.