Ønsker du å gi en

Gi en gåve

til Bømlo indremisjon?

FAST GIVERAVTALE - ENKELT GÅVE - SKATTEFRÅDRAG

Ved å nytta lenka under kan ein gje ei gåve eller oppretta fast giveravtale og få skattefrådrag.

Gåva vert gitt via giversystemet til Indremisjonsforbundet. Difor vil du no kome inn på eit skjema som kan gi inntrykk av at gåva går til IMF. Det gjer ho ikkje, dei hjelper oss berre med å registrere gåva, slik at du som ønskjer skattefrådrag får dette.
Du kan lese meir om korleis dette fungerer i praksis her.

Gaver med skattefradrag

Visste du at gåver kan gi skattefradrag?

Som givar kan du få frådrag på skatten for gåver til godkjende organisasjonar. Per i dag kan du få skattefradrag for gåver frå kr. 500,- opptil kr. 25.000 årleg. Det betyr at ein del av det du gir, kjem tilbake i form av redusert skatt – samtidig som du støttar eit viktig arbeid på bedehuset vårt.

For at gåva skal gi rett til skattefradrag, må ho registrerast med namn og fødselsnummer. Dette er eit krav frå myndigheitene for at gåva skal bli rapportert korrekt til skattemyndigheitene.


Me ønskjer å understreka at personnummeret kun blir brukt til dette føremålet, og vert handsama konfidensielt. Det blir ikkje nytta til andre formål.

Ta gjerne kontakt med leiar (Bømlo indremisjon) dersom du ønskjer å bli fast givar eller vil ha meir informasjon om korleis du kan nytta deg av skattefradraget.


Di støtte er med og gjer ein forskjell – både i dag og for framtida.

unsplash