Bømlo bedehus er nå på infoskjermen

Vi har no fått på plass ein infoskjerm i gangen på Bømlo bedehus, samt tilgang til Infoskjermen Go på mobil. Dette betyr at alle som kjem inn i huset, eller ønskjer å følgje med på mobilen, enkelt kan få oppdatert informasjon om kva som skjer på bedehuset.

Infoskjermen skal vere den viktigaste kanalen for å dele plakatar, arrangement og program som går føre seg på huset. Vi trur dette blir eit godt hjelpemiddel som vil styrkje informasjonsarbeidet vårt, og gjere det lettare å halde oversikt over kva som skjer til ei kvar tid.

👉 Har du noko du ønskjer å få opp på skjermen? Då kan du sende informasjon til Eirik eller Bjørn Kjetil, så legg vi det ut.
Dersom du lagar plakat sjølv, er det fint om du lagar ein versjon i storleik 958 px × 1080 px. Då passar han perfekt i den store delen av infoskjermen.

I tillegg til infoskjermen i gangen og på mobilen vil vi bruke bedehuset si Facebook-side til å dele informasjon og invitasjonar. Heimesida vår vil i større grad bli brukt til praktisk informasjon om sjølve bedehuset, inkludert oversikt over kven som sit i dei ulike styra.

Vi ser fram til å ta i bruk denne løysinga, og håpar ho kan bidra til både betre oversikt og sterkare fellesskap rundt arbeidet på Bømlo bedehus.

Infoskjermen Go - Alltid oppdatert rett i lomma

Infoskjermen Go er ein enkel app som viser deg akkurat den same informasjonen som står på infoskjermen i gangen på bedehuset. Dermed har du alltid oppdatert oversikt over møte, arrangement og viktige meldingar – uansett kvar du er.

Slik kjem du i gang

Last ned Infoskjermen Go frå App Store (iPhone) eller Google Play (Android).
Når appen er installert, legg du til Bømlo bedehus.

Du er no kopla til, og får den same informasjonen på mobilen som du ser på infoskjermen i gangen.

Enkelt og praktisk

  • Du treng ikkje logge inn eller opprette konto
  • Informasjonen vert oppdatert automatisk
  • Du slepp å leite etter plakatar eller utsende meldingar – alt ligg samla på éin stad

Vi håpar mange vil ta i bruk Infoskjermen Go. På den måten kan du følgje med på alt som skjer på Bømlo bedehus – anten du er på veg dit, sit heime i stova eller er på farten.

📲 Slik gjer du:

Last ned appen
Gå til App Store (iPhone) eller Google Play (Android).
Søk etter Infoskjermen Goog trykk «Last ned».

Opne appen
Trykk på «+» eller «Legg til skjerm».
Søk etter Bømlo bedehus ved å skrive denne koden: bomlobedehus
eller skann QR-koden under.

Følg skjermen
No får du same informasjonen som vert vist på infoskjermen i gangen på bedehuset.
Appen oppdaterer seg automatisk – du treng ikkje gjere noko sjølv.

Scan Qr-koden for å få appen og tilgang på informasjonen på infoskjermen vår