Bømlo Bedehus er eit ope bedehus utan tilknyting til nokon spesiell organisasjon. Det betyr at alle som ønskjer å bruke bedehuset til møteverksemd, kan gjere det så lenge dei kan underordne seg den lutherske læra og forkynne den lutherske trua.
I tillegg til møteverksemd er bedehuset ein viktig arena for minnesamvær etter gravferder, samt festlegheiter rundt konfirmasjonar og andre familiære samkomer.
Hovudsakleg er det Bømlo Indremisjon og foreininga til Norsk Luthersk Misjonssamband som er aktive brukarar av bedehuset. Dei driv eit rikt barne- og familiearbeid, inkludert søndagsskule, Minimax for barn opp til 12 år, ungdomsarbeidet UFO for ungdom i ungdomsskulealder, vaksenkoret Lighthouse, bønnemøte og bibeltimar.
For Bømlo Bedehus er det viktig at alle som bruker huset, kjenner seg velkomne og får høve til å tene i fellesskapen. Me er utruleg takksame for all den gode aktiviteten som gjer bedehuset til ein levande møteplass

Kjellaren er UFO sin plass, men han er òg godt eigna til utleige ved festlege høve som konfirmasjonar, jubileum og liknande. Totalt er det plass til om lag 35 personar.
Kjøkkenet er av nyare dato og har gode fasilitetar. Her finn du mellom anna eit stort kjølerom, ein stor steikeomn med dampfunksjon, ei romsleg koketopp og elles alt ein treng i eit moderne storkjøkken.
Lillesalen er ein populær samlingsplass med plass til opptil 50 gjester, og har direkte tilgang til kjøkkenet.
Storsalen har kapasitet til om lag 100 gjester.
