Ønsker du å gi en
til Bømlo bedehus?
FAST GIVERAVTALE - ENKELT GÅVE - SKATTEFRÅDRAG
Bømlo bedehus er eit frittståande bedehus og er ikkje tilknytt ei overordna organisering. Styret for bedehuset har ansvar for drift, forvaltning og heilskapleg oppfølging av huset, slik at det til ei kvar tid er i god og forsvarleg stand – både praktisk, økonomisk og formålsmessig.
Dette inneber mellom anna ansvar for:
å følgje opp lån og sikre at rekningar vert betalte
økonomistyring og dagleg drift
vedlikehald, oppussing og utvikling av bygg og eigedom
oppgradering og drift av teknisk utstyr
forsikring av hus og eigedom
drift av uteområde, reinhald og organisering av dugnad
å utarbeide og synleggjere reglar for bruk, utleige og utlån av huset
Gåva vert gitt via giversystemet til Indremisjonsforbundet. Difor vil du no kome inn på eit skjema som kan gi inntrykk av at gåva går til IMF. Det gjer ho ikkje, dei hjelper oss berre med å registrere gåva, slik at du som ønskjer skattefrådrag får dette.
Du kan lese meir om korleis dette fungerer i praksis her.
Visste du at gåver kan gi skattefradrag?
Som givar kan du få frådrag på skatten for gåver til godkjende organisasjonar. Per i dag kan du få skattefradrag for gåver frå kr. 500,- opptil kr. 25.000 årleg. Det betyr at ein del av det du gir, kjem tilbake i form av redusert skatt – samtidig som du støttar eit viktig arbeid på bedehuset vårt.
For at gåva skal gi rett til skattefradrag, må ho registrerast med namn og fødselsnummer. Dette er eit krav frå myndigheitene for at gåva skal bli rapportert korrekt til skattemyndigheitene.
Me ønskjer å understreka at personnummeret kun blir brukt til dette føremålet, og vert handsama konfidensielt. Det blir ikkje nytta til andre formål.
Ta gjerne kontakt med leiar (Bømlo bedehus) dersom du ønskjer å bli fast givar eller vil ha meir informasjon om korleis du kan nytta deg av skattefradraget.
Di støtte er med og gjer ein forskjell – både i dag og for framtida.