Det skjer


Oppussing av bedehuset


I mange år har Bømlo bedehus

vore ein stad der menneske har møttest i fellesskap, tru, glede og støtte i ulike fasar av livet. Mange har gode minne herifrå – møte, basarar, pensjonistkafé eller den store bedehusbasaren.


No ønskjer vi å gje huset eit løft, slik at det òg kan vere ein god samlingsstad for kommande generasjonar.


Eit hus med tyding


Bedehuset er meir enn berre eit bygg; det er ein stad der menneske møtast, barn får gode opplevingar, og fellesskap vert skapt.


For at huset framleis skal kunne brukast aktivt, ser vi det som naudsynt med ei oppussing

Hello world



Vi ynskjer å ta vare på det vi har fått -
og gjere det klart for framtida



Hello world

Dette skal gjerast.


Vi planlegg ei omfattande oppgradering av huset for å sikre at det framleis kan vere ein attraktiv og funksjonell samlingsstad. Dette inkluderer nye golv, oppgradering av fellesområde, fornying av overflater og generell modernisering av romma. Målet er å skape eit innbydande og moderne miljø, samstundes som vi tek vare på det tradisjonelle preget og den historiske verdien huset har hatt for lokalsamfunnet gjennom mange år.

Vår visjon

Vi ønskjer å skape lyse og trivelege lokaler, eit varmt og innbydande miljø, og eit funksjonelt bygg som kan brukast av alle generasjonar. Bømlo bedehus skal vere ein stad der folk verkeleg ønskjer å samlast.

Bli med på dugnaden!

Du kan støtte prosjektet med ei gåve


Oppussinga vil bli eit stort løft, og vi er avhengige av støtte frå alle som ønskjer å ta vare på Bømlo bedehus.

Din gåve – uansett storleik – gjer ein reell forskjell!


Vi er svært takksame for alle som vil bidra – anten gjennom bøn, arbeid eller økonomisk støtte.

Vi ynskjer å takke for den støtta vi allereie får, og ser at Bømlo bedehus betyr mykje for bygda. Din støtte er med på å ta vare på huset for framtida.



Scenen


Vi kan no glede oss over at arbeidet med scenen er ferdig! Dette har vore eit omfattande prosjekt, og vi er utruleg stolte av resultatet. Scenen har fått eit skikkeleg løft, som verkeleg merkast i salen. Uten den dyktige hjelpa frå Sag & Bygg AS ville ikkje dette prosjektet kunna bli gjennomført så effektivt og profesjonelt – de har gjort ein fantastisk innsats som vi set stor pris på.

Hello world
Hello world