Bedehusets historie

Kilde: Bømlo tur- og sogelag (Leidarsteidn)


Det noverande bedehuset, 60-åringen «Elim», vart vigsla 15. april 1956, og er eigd og drifta av Bømlo Søre Indremisjonsforening. For øvrig er også namnet «Elim» henta frå Bibelen: Elim var ein leirplass under isrealittane sin ørkenvandring. Ei rekkje bedehus, misjonshus og kyrkjer heiter «Elim», og då særleg innan pinsemiljøet.

 

i fredsåret 1945 beslutta styret at ein måtte ut og sjå seg om etter ein ny tomt. Valet fall på ein parsell som indremisjonsforeininga fekk kjøpt av Alfred Vold, i vestre enden av jorda hans. Kontrakta vart signert i oktober 1945, og tomteprisen var 800 kroner. Ifølge bygdeboka vart salet tinglyst våren 1946.


Flytting til ny tomt

Mange var skeptiske til at ein skulle riva det fine bedehuset. Og framleis gjekk det mange år før ein gjekk vidare med saka, og fekk på plass detaljane. Hausten 1951 tok krinsmøtet stilling til to alternative løysingar, som begge kravde at det eksisterande bedehuset vart rive og flytta til den nye tomta like ved skulen – det framtidige grendahuset: Det eine alternativet var å reisa eit forlenga nybygg på den nye tomta, mens det andre alternativet var å bygga på eit vinkelbygg. Sistnemnte fekk fleirtal. Våren etter justerte ein planane for nybygget noko. Bedehuset ville no bli ståande ein meter lenger fram på tomta enn det ein så langt hadde sett føre seg, og dermed meir fritt. I tillegg vart det no kjellar på nybygget. Våren deretter igjen avgjorde styret at flyttinga skulle gjerast snarast råd, og dersom mogleg allereie sommaren 1952. Slik gjekk det ikkje. Først i mai 1954 byrja rivinga av det gamle bedehuset, og arbeidet med å flytta materialane over til den nye tomta.


Nybygget var teikna av Johannes Staveland, og vart i løpet av det neste halve året reist dels på dugnad, dels av tilreisande fagfolk. Det nye hovudbygget vart om lag like stort som det gamle bedehuset, men hadde altså kjellar og eit tilbygg i tillegg. «Huset ble gjort ferdig hva møtesaler, gang og galleri angår, og tatt i bruk første juledag 1954. Men på grunn av at kjelleretasjen bare var delvis ferdig, ble innvielsen utsatt til 15. april 1956. Da sto huset i ferdig stand», skriv Alfred Samdal i eit referat etter innviinga av det nye bedehuset.


Søndag 15. april 1956 vart altså huset offisielt vigsla av generalsekretær Gustav Ballestad frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Dette var ein festdag i bygda, med eit strålande vêr. Svært mykje folk var til stades, både frå søre Bømlo og frå nabobygdene i Moster og Bremnes. Samdal anslår at kring 500 personar var med på innviinga. «Formannen i den stedlige indremisjonsforeningen, Math. Eidesvik, ønsket velkomne. Og formannen i bedehustyret, Johs. Lønning, gav en utgreiing like fra det forrige bedehus vi hadde til nå», skriv Samdal. Folket i bygda fekk ros for offerviljen sin, både i pengar og dugnadsarbeid. Vidare vart eit heilt nytt orgel – også det ei gåve – nemnt. Dei 500 frammøtte fekk mellom anna høyra at huset hadde ein samla kostand på 160.000 kroner. Gjelda på vigslingsdagen var på 30.000 kroner.


Samdal skriv at Ballestad leverte ein «åndsbåren tale som grep sterkt i den store forsamlingen». Vidare leste «fire av bygdens menn» kvart sitt skriftord: Jørgen Hovland, Alfred Samdal sjølv, Tørres Lodden og Enok Eide. Deretter vart huset innvia og erklært opna. «Etter formiddagsmøtet samlet folket seg i den store og lyse matsalen, hvor der ble servert nydelig betasuppe med kaffe og kaker. Kjøkkenpersonalet med oppvartere gjorde sine saker godt», oppsummerer Samdal.


«Ettermiddagsmøtet ble benyttet til hilsener fra representanter for de forskjellige organisasjoner. Pastor Valle åpnet med å hilse fra kirken», skriv Samdal, og nemner elles dei ande organisasjonane som sendte sine helsingar: Det Vestlandske Indremisjonsforbund, Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad, Norsk Luthersk Misjonssamband, Det Norske Misjonsselskap, Sjømannsmisjonen og Santalmisjonen. «Til sist fikk vi en hilsen fra ungdomsarbeider Henrik Røykenes, og noen vitnesbyrd fra troende venner i nabobygdene. Bømlo Musikklag, som så ofte synger på våre møter, sang også den dagen, til glede for oss alle. Og så var denne velsignelsesrike dagen om Guds ord til ende. Vi skiltes med de tilreisende venner, takkende for et godt samvær, og gikk glade heim både over det vi hadde hørt – og for huset vi har», avsluttar Samdal.


Ein vart framleis sitjande med tomta i «Olsabrekkå», og først i oktober 1959 vart eit eventuelt sal tema for styret i bedehuset. I referatet heiter det at formann Johs. Lønning «refererte takster og pris vedrørende gamle bedehustomten som riksveien har tatt en del av. Styret blev enig om å tilby Bømlo kommune tomten for kr 1000». Ifølge bedehuset sine eigne protokollar, vart eigedomsretten til 150 kvadratmeter i «Olsabrekkå» overdratt til Statens vegvesen i november 1986. Dette var i samband med byggjinga av gang- og sykkelvegen, som går nett der huset låg. Det er få spor etter bedehuset på staden i dag, men ein kan framleis finna murstein på flata under den store grana som kvart år gjer teneste som juletre i bygda.


Frå dør til dør med lister

Årsmøteprotokollane viser at ein organiserte fleire pengeinnsamlingar for å få råd til flyttinga. I tillegg bad ein om private lån frå fleire i bygda. Kort sagt var økonomien ei utfordring utover heile 1950- og 1960-talet. På eit krins- og årsmøte i juni 1956 vedtok ein å dra i gong ein innsamling til bedehuset. Innsamlinga vart, som i flytteprosessen, gjennomført ved «å gå rundt med lister». Dette var ein vanleg måte å samla inn pengar på i mange bygdesamfunn: Ein gjekk frå dør til dør, og frå gard til gard, med innsamlingslister der folk teikna seg for den summen dei ville gje. «Det er då synleg for andre kva ein gir. Ja, det er nettopp eit poeng ved denne innsamlingsforma», hevdar Olaf Aagedal i boka «Rapport frå Bedehusland». Mange stader vil ei slik innsamlingsform gje meir pengar i kassen enn ved å legga giroblankettar i postkassa, der ein gjer meir anonyme gåver til føremålet.


Også i 1957 tok styret til orde for nok ein dør til dør-aksjon med lister, for å «prøva å få inn meir pengar då det endå står att ein del arbeid før huset er ferdig». Innsamlinga resulterte i ein fin pengesum etter pengeverdien på den tida, vel 3500 kroner. Året etter vart det ny listeinnsamling.

På årsmøtet i august 1959 vart innvendig måling av bedehuset teken opp til drøfting. Ein gjekk no inn for å måla huset, «etter at skulda var såpass nedbetalt». To månader seinare slo styret fast at ein måtte prøva å få inn midlar til arbeidet gjennom gåver. «Hvert styremedlem fikk i oppdrag å ta ut folk å gå med innsamlingslister nu i høst», heiter det i referatet.


I 1959 og 1960 vart huset måla, lakkert og tapetsert innvendig. Årsmøteprotokollen frå august 1960 viser at mykje arbeid vart gjort. No gjekk ein laus på nye investeringar: «Det vart vedteke å kjøpa inn middagsservice, då ein kunne få eit svært rimeleg tilbod frå Thaule i Haugesund», heiter det. Ein ville forsøka å dekka kostnaden ved eit lynlotteri. Allereie i oktober ser styret ut til å konstatera at det vart ein vel stor investering. Middagsserviset til 150 personar kosta 1500 kroner, og styret slår fast at dette var «en litt tung utgift for kontantbeholdningen i kassen». Økonomien var ikkje så god som den burde, og ein vedtok å organisera ei ny innsamling med lister den kommande våren. Styret tok også andre grep, som ein kjem tilbake til seinare.

Grepa må ha vore vellykka, skal ein tru protokollen frå styremøtet i oktober 1961: «Trods store utgifter har her dette året vært bra balanse», heiter det her. Så er det ein roleg periode på den økonomiske sida, før styret skriv følgjande vel tre år seinare – etter at ein hadde avvikla styremøte nummer to i løpet av fire dagar: «I møte 20. november 1964 drøfta ein bedehuset sin økonomiske stode. Ein fann då ut at noko måtte gjerast, då kassen var tom, og fleire ting måtte ordnast i huset. Vedtak vart ikkje gjort då, difor tek ein dette opp no igjen. Etter å ha drøfta kva måte som kunde vera den beste, og som vilde gi det beste resultatet økonomisk, fann ein å måtte gå med lister rundt på kvar gard». Dei ansvarlege vart plukka ut, og innsamlinga starta.


Utleige av lokale

Samstundes var det naudsynt å sikra seg inntekter ved utleige av huset. På eit styremøte i 1956 vart det vedteke at bedehuset skulle ha ti prosent av kollekten i avgift for eit pågåande ungdoms- og bibelkurs. Den same prosentdelen skulle betalast ved stemner på bedehuset, mens ein kravde fem prosent av kollekten ved det ein kalla vanlege møte. Summen vart midlertidig auka til ti prosent etter storinvesteringa i middagsservice til 150 personar hausten 1960. Også i dag vert leigeprisen ved møter og basarar rekna ut frå kollekt eller salsinntekter.

Fleire lag brukte bedehuset allereie frå staren av. Mellom anna lånte Bømlo Fiskarlag rom i kjellaren til kurs hausten 1957. Leiga er ikkje oppgjeven. Derimot er det klart at Det Norske Misjonsselskap måtte betala 50 kroner per dag medan utstillinga «Til Jordens Ender» vart vist fram hausten 1959. Blå Kors betalte 40 kroner for eit stemne den føregåande sommaren. «Elles vart det vedteke at husmorlaget betalar kroner 25 til bedehuset for tilstelninga og bruk av straum o.a. jonsokafta», oppsummerte ein etter styremøtet i august 1959.


I desember samme år sa styret samrøystes ja til ein førespurnad «fra menighetsrådet om å få bruke bedehuset i vinterhalvåret til kirkelige handlinger». Ein eventuell pris er ikkje oppgjeven. I desember 1962 fekk ein privatperson låna bedehuset «i det høve å stelle til ein fest for ungdommen i bygda». Heller ikkje her er pris eit tema. Derimot er det på det reine at Indremisjonssamskipnaden måtte betala 200 kroner i husleige i høve årsmøtet sitt på søre Bømlo sommaren 1963. I tillegg måtte ein ut med 105 kroner i leige for middagsserviset. Sommaren 1966 tok ein 150 kroner for å leiga ut huset til eit bibelkurs i same regi, samt 150 kroner for bruk av bestikk. Straumrekninga på 33 kroner vart også sendt vidare. Frå mai 1968 er det oppgjeve at dei foreiningane som brukte rom i bedehuset til sine samkomer, skulle betala fem kroner per gong.


Gjennom heile 1950-, 1960- og 1970-talet ser det ut til å ha vore mange leigetakarar på bedehuset. Dette var før grendahuset, og med unntak av skulen var det få lokale i bygda som passa til større treff og møte. Dei fleste ser ut til å ha fått ja på sine spørsmål om å få låna huset. Eit sjeldan unntak finn ein i protokollen frå styremøtet 14. april 1970: Ein predikant frå ei pinseforsamling hadde spurt om å få låna huset til møteverksemd. Predikanten fekk avslag, og styret viste til at statuttane for huset ikkje opna for slik verksemd.


Også kommunestyret i gamle Bømlo kommune nytta bedehuset til sine møter. Dette vart eit tema på styremøtet i oktober 1960: «Då kommunestyret som regel har bevertning ved sine møter, og dermed bruker strøm som bedehuset må betale, blev styret enig om å ta en avgift for hver gang kjøkkenet blir brukt», heter det i referatet. Avgifta vart sett til ti kroner per møte, og dette gjaldt også «møter av lignende art». Eitt år seinare heiter det i styreprotokollen at ein har fått eit skriv med ordføraren si personlege meining om kravet – for øvrig utan at meininga hans er referert. No er betaling ikkje lenger omtala som eit krav, men som ein søknad, og saka hadde framleis ikkje vore drøfta i kommunestyret. Bedehusstyret gav Steinar Lønning fullmakt til å ta saka opp på neste møte i kommunestyret. Protokollen seier ikkje meir om kva som vart utfallet. Men leigekontrakten gjekk ut same år, og frå 1. januar 1963 gjekk gamle Bømlo kommune inn i nye Bømlo kommune – saman med dei gamle nabokommunane Moster og Bremnes.

Også middagsserviset, stolar, benker og bord kunne leigast, då som no. Eigne prislister vart innført, og eksempelvis kosta det frå starten av 70 øre per tallerkensett.


Fest og basar

Bedehusstyret gjorde fleire forsøk på å auka inntektene. 17. mai-festar og basarar vart dratt i gong, og ikkje minst var den årlege juletrefesten ei særs viktig inntektskjelde. Protokollane frå mange års- og styremøter fortel at bedehusstyret la ned mykje arbeid i den årlige romjulsfesten. Kva som skal skje, og i kva rekkefølgje, står sentralt. Altså kven som ønskjer velkommen, kva songar som skal syngjast, og når ein skal gå rundt juletreet. Inngangspengane var også eit sentralt tema i planlegginga av festane. I 1956 er prisen tre kroner per vaksen og to kroner per barn. Summane haldt seg stabile i årevis, og vart justerte først etter storinvesteringa i middagsservise i 1960: «Da bedehuset for tiden er dårlig økonomisk stillet, drøftet styret en del hvad en skulde ta i inngangskontingent på festen», heiter det i protokollen frå styremøtet i desember 1960. Vaksne måtte frå no betala 3,50 kroner i inngangspengar. Barnebilletten vart ikkje justert i denne runden.


Årsmøte- og styremøteprotokollane er elles korte og konsise, og viser at ein heilt fram til i dag nyttar faste malar både for korleis møta skal haldast og for korleis referat skal skrivast. Etter velkomsten er det gjerne ein liten andakt, som også vert referert: «Johannes Lønning leia møtet og minna i opninga om at Gud er i går og i dag den same. Deretter tala Samdal med tekst frå Markus 4, 21-25 om å ferdast i lyset og at me måtte vera ljos i ei mørk verd», heiter det i høve årsmøtet i august 1959. Det er også naturleg å ta med detaljar frå opninga av møta, som i desember 1958: «Sundag 14. desember 1958 vart det halde styremøte i småsalen i bedehuset etter innkalling av formannen. Heile styret møtte. Ein song først Jesus styr du mine tankar. Sidan gjekk ein over til lagsakene». Referenten kunne også legga til setningar som «Me kjende Guds ånd var blant oss» – henta frå eit seinare referat.

Basarar, juletrefestar og andre møte på bedehuset var i lang tid ein av dei aller viktigaste samlingsstadane i bygda, som elles i regionen. I boka «Bømlo – driftige folk i vakker natur» skriv Kristine Sele om basaren på laurdagskvelden, med film frå misjonsmarka, loddsal og auksjon. Vidare leverer ho dette stemningsbildet: «Det var ikkje berre misjonsfolket som søkte til bedehuset, også ungdommane nytta høvet til å samla seg for å treffa andre – av begge kjønn. Ikkje alltid var dei innom dørane, ofte var det kjekkare ute enn inne. Enkelte hadde også ei flaske på innerlomma, den gjekk rundt til dei som våga å smaka på det sterke. Det hende at kvelden enda i slåsskamp der utanfor bedehusveggen, det kunne vera kamp om ei fin jente – eller gamle synder som skulle ryddast opp i». For dei eldre festdeltakarane var det dessutan spennande å sjå kven som etter kvart gjekk saman rundt juletreet.


Etter kvart kom den årlege bedehusbasaren til, og tok sakte men sikkert over juletrefesten si rolle som den sikraste inntektskjelda for bedehuset på søre Bømlo. Bedehusbasaren lever framleis den dag i dag, og bidrar kvart år med godt over 100.000 kroner i inntekter til drifta av bedehuset. Ja, frå 2000 til 2015 har bedehusbasaren totalt gitt bedehuset snautt to millionar kroner i inntekter, viser ein gjennomgang av referata frå den årlege basaren i denne perioden. I tillegg har bygdefolket gitt ei stor mengde gevinstar i gåver, samt stilt opp på dugnad for å gjennomføra arrangementet.

«Her er varer for mellom 40.000 og 50.000 kroner, og alt er gåver. Dei har ikkje kosta oss ei krone», sa ein nøgd styreleiar Magne Eidesvik til Haugesunds Avis i høve bedehusbasaren i 2005.


Dette året sat ein igjen med 129.000 kroner i netto etter basaren, noko som var ny rekord. «Det var fullt hus, og både lodda og maten vart selde. Koret song flott, og talaren gav oss Guds ord. Vi hadde ein flott dag», oppsummerte Eidesvik – og takka alle som hjelpte til og støtta bedehuset.


Gåver og dugnadar

Nettopp gåver og dugnadsarbeid har heile vegen vore viktig for drifta av bedehuset. Ei gåve som framleis vert hugsa av mange bygdefolk, var dei 500 kronene Bømlo Helselag gav på tampen av 1962. Pengane skulle gå til varmtvannsberedar og oppvaskbenk på kjøkkenet i bedehuset, og laget oppmoda samstundes andre lag i bygda til å bidra. Dette utløyste ein aldri så liten kronerulling. «Styret i bedehuset seier seg svert takksame for denne gilde gåva, og vonar dette som helselaget peikar på kan kome i orden snart», heiter det i protokollen frå styremøtet i desember 1962. På same møte vart det informert om at gamle Bømlo kommunestyre hadde gitt bedehuset ei gåve på 1000 kroner. «Ein vart samde om at desse pengane skulle betalast av på lån», heiter det i protokollen. Sidan fekk bedehuset både flaggstang og gardiner i gåver, samt gratis tilkopling frå Bømlo Vassverk.

«Årsmøtet vart avslutta med at formannen takka alle for den gode omsuta bygdefolket synte for bedehuset», heiter det i årsmøteprotokollen frå august 1967. Same år tok ein til orde for å setja i stand den uinnreia salen i andre høgda til garderobe og foreiningsrom. Prisoverslaget var på 6000 kroner, pluss maling og den elektriske installasjonen. «Dette er mange pengar, som der ikkje er dekning for i kassen, men ein vonar framleis på bygdefolket sin offervilje også til dette arbeidet», heiter det i protokollen etter det andre styremøtet i august 1967. I oktober same år valde styret nok ein gong å samla inn pengar ved ein dør til dør-aksjon. Årsaka var det kostbare arbeidet som no pågjekk i andre høgda. Ein valde å gå rundt med lister i staden for å gjennomføra basaren som allereie var under planlegging. «Dette gjer ein av den grunn at arbeidet som no pågår krev mange pengar», heiter det i styreprotokollen, der ein legg til at ein vonar ein slik innsamlingsaksjon ville gje meir pengar i kassa enn ein basar. Basaren vart då også avlyst. Dei påfølgande åra valde ein igjen å halda basar i staden for å gå rundt med lister.


Å eiga og drifta eit hus betyr mykje vedlikehald og utbetringar. Våren 1968 oppdaga ein til dømes råteskader i golvet i småsalen i kjellaren. I tillegg måtte ei takrenne skiftast ut, medan delar av huset måtte målast om igjen. Lauritz Eidesvik troppa opp på styremøtet for å donera både takrenner og måling til bedehuset. «Dette er styret sers takksame for, då den økonomiske stoda for bedehuset i år er heller dårlig. Ein er og takksame for dei nye gardinene Lauritz Eidesvik har gjeve», heiter det i protokollen etter mai-møtet. Nytt golv vart støypt på dugnad.


Våren 1969 måtte ein igjen skifta ut nokre takrenner, i tillegg til at kjøkkenet vart vurdert til å vera i så dårleg stand at noko måtte gjerast. «Den økonomiske stoda for bedehuset er diverre ikkje så god», heiter det i styreprotokollen frå mai 1969. Ein fann likevel ut at arbeidet måtte gjerast, og håpa å få gjort det meste på dugnad. Nok ein gong stilte Lauritz Eidesvik med gratis måling. I tillegg fekk bedehuset seinare same år ei anonym gåve på 2500 kroner til målararbeid. I 1971 spanderte ein anonym gjevar termostatar til varmeomnane i storsalen.


Eit vel så synleg resultat vart det av den anonyme gåva bedehuset fekk hausten 1973: No vart bibelordet «Jesus verdens lys» montert på veggen på podiet. Dette vart finansiert av "Dette lyset få lysa for oss på Bømlo», heiter det i protokollen frå årsmøtet same haust, etter at skriftstaden var på plass.


Utbygging og ny vigsling

Utbetringar og oppussingsjobbar går igjen i protokollane med ujamne mellomrom. Noko må ein kalla reint vedlikehald og lettare modernisering, mens andre prosjekt er meir omfattande. I april 1994 var det nesten full sal då ein innvia det då nyoppussa bedehuset. No var mellom anna talarstolen flytta. I 1996 kvitta ein seg endeleg med det langvarige problemet med at toaletta gjekk tette etter større arrangement på huset. Og i 2002 gjekk ein i gong med eit verkeleg storprosjekt: No ville ein byggja ut huset mot sør, for mellom anna å få på plass handicaptoalett og rampe for rullestol. I tillegg vart småsalen utvida. 150 personar var med på innviinga og vigslinga av nybygget i oktober 2002. «Tilbygget vart så høgtideleg vigd og helga med Guds ord. Svein Bjarne Aase stod for dette, og det blei lest opp teksten som og vart nytta i forbindelse med innviinga av bedehuset i 1956», heiter det i referatet frå møtet.


Medan dei samla byggekostnadane på 1950-talet var 160.000 kroner, kosta denne utbygginga drygt 1,5 millionar kroner. Bedehusstyret vedtok at ein også i denne runden ville be bygdefolket om støtte til utbygginga. Men i motsetnad til 40-50 år tidlegare, då ein gjekk rundt på dørene med lister, sendte ein no eit informasjonsskriv i posten til alle i bygda – med ei bønn om ei økonomisk gåve. Lånet som vart teke opp før utbygginga, vart nedbetalt i kjølvatnet av bedehusbasaren i 2007.


I 2015 sette ein i gang nok ei utbygging av huset. No vart det mellom anna nytt, moderne og praktisk kjøkken på 48 kvadratmeter oppe, pluss nytt toalett, lager og kjølerom. Det vart også laga ein betre parkeringsplass utanfor bedehuset. Nok ein gong stilte bygdefolket opp med gåver og dugnadsarbeid. Byggjerekneskapet viser at utbygginga kosta 3,7 millionar kroner. Vel 600.000 kroner av totalsummen vart dekka inn av gåver frå firma og privatpersonar. Våren 2016 vart det skifta ut kledning på veggen mot skulen, og med det første planlegg ein å oppgradera den store veggen mot bygdatunet – også dette eit prosjekt der dugnadsjobbing står sentralt.


Bedehuset i dag

«Om jeg er liten eller stor, så er det best for meg på jord. Å høre Jesus til, og gå den vei Han vil, for det er det som gjør meg lykkelig».

Bedehusklassikaren fyller nok ein gong storsalen i bedehuset. Songen er den same som midt på 1980-talet, og storsalen er den same – sjølv om den rett nok ser litt annleis ut. Barna i salen veks opp i ei heilt anna tid, der dataspel og nettbrett er langt meir fascinerande enn papirdokker på ein grøn flanellograf. Søndagsskulen har ikkje heilt den same plassen som då foreldra deira var små. I vårsemesteret 2016 vart det kun fire søndagsskulesamlingar grunna leiarmangel, og lenge såg det ut til at det ikkje ville bli nokon søndagsskule i det heile tatt frå i haust av.

Slik gjekk det ikkje. Søndagsskulen er framleis ein av dei faste aktivitetane på bedehuset, og då først og fremst retta mot barn frå tre år og oppover. Rundt 20 barn gjekk på søndagsskulen i 2016. Også andre aldersgrupper har faste tilbod på bedehuset: Minimax, tidlegare kjent som Yngstes og Yngres, har møte annankvar tysdag. Dette er retta mot


dei som er i barneskulealder. Dei andre tysdagane øver to barnekor på bedehuset: Gla’song og Happy Singers, der førstnemnde er for dei under skulealder og sistnemnde er for 1. til 4. klasse. Dei tre første fredagane kvar månad er det sosialt samvær i bedehuskjellaren for ungdom, under namnet UFO. Dessutan øver Musikklaget annankvar torsdag.


Gjennom året er det elles bibeltimar, møteveker, basarveker, 17. mai-fest og juletrefestar. Bedehuset vert også leigd til ei rekkje andre arrangement. Kort fortalt er huset ein institusjon i bygda, fastslår Magne Eidesvik, mangeårig leiar i bedehusstyret: «Ved sidan av å vera eit hus for møte og samling om Guds ord, er bedehuset ein samlingsstad for bygdefolket på reisa frå vogge til grav. Her vert det arrangert festar ved dåp og konfirmasjon, og i tillegg mange slags tilskipingar for barn, unge, vaksne og eldre. Fleire lag og organisasjonar har tilhald i bedehuset, med møte og basarar, og ikkje minst vert bedehuset nytta til minnestunder i samband med gravferder», seier Eidesvik. Han sa frå seg attval som styreleiar i sommar (2016).

Avslutninga hans i årsmeldinga for 2015 vert avslutninga også på denne delen av vår 171-årige reise i den lokale bedehushistoria: «Bømlo bedehus har som fokusområde framover å arbeide med å få større aktivitet i bedehuset vårt, gjerne saman med andre foreiningar eller lag. Me har eit stort og flott hus, og me er opne for nye idear som kan vera med og gagne bedehuset vårt som ein kristen tilhaldsstad. Klarar me dette, vil me klara å framleis oppretthalda ein god økonomi og ei positiv drift».


Tilbake til startsiden